Eg tilbyr innramming av bilete og har eit utval av både tradisjonelle og moderne rammer.
Har du tatt bileta dine hos Dieter Schneider Foto er ikkje det så stor prisforskjell på å kjøpe kun bilete eller få det innramma i tillegg. Det er i mange tilfelle billegare enn å kjøpe ramme utanom, og dessutan vert resultatet betre. Prisane varierer sjølvsagt med kva ramme ein ynskjer, med eller utan passepartout o.s.v. Dei vanlegaste rammene er både flotte og rimlege.
Vil du ha dine eigne fotografi på veggen?
Har du eigne fotografi du vil printe og få opp på veggen kan eg ta heile prosessen frå digitalt bilete til ferdig montert i ramme. Bileta dine vert då printa på det beste av fotopapir eller lerret, og forsegla med spesial-lakk. Bilete vert og montert på ei heilt rett plate slik at bilete ikkje krøllar/bølgar seg. Det er mogleg å få passepartout (paspatur) og glass om ein ynskjer det. Høg kvalitet til rimelege prisar.
Kvifor ikkje berre bestille billege bilete på nett? Det er ikkje tvil om at du kan få flotte bilete på diverse nettbutikkar, men det er langt frå noko garanti. Det er ofte ein grunn til at dei er billege og det er ein ganske stor fare for at fargar og utsnitt kanskje ikkje vart heilt slik du hadde tenkt.