Ein bryllaupskjole varer ein dag, middagen varer nokre små timar, festen varer ein kveld. Bileta får desse viktige små timane til å vare i 100 år. Det er bileta du viser familie og venner livet ut. Eg dokumenterer heile dagen frå morgon til kveld.

Eg fylgjer bryllupet frå morgon til kveld ved å være “flue på veggen”, og dokumenterer heile bryllupet slik det utartar seg. Mellom kirke og middag blir det som regel også litt tradisjonell fotografering med oppstilte bilete av brudeparet med forlovarar, famile o.s.v.
Eg tek maks to heildagsbryllaup pr. månad, og eg tek andre typar bryllaupsfotografering om eg har ledig. Eg kan gjere jobbar kvar som helst i verda, prisen vert den samme men reise og opphald kjem i tillegg sjølvsagt.
Du finn prisar og info om dei forskjellige bryllaupspakkane i prislista.
Kor mange bilete får vi?
Det er ikkje noko fast antall bilete, men ein kan regne med mellom 300 og 500 bilete. Bileta skal fortellje ei historie frå dagen og kvaliteten er viktigare enn kvantitet.
Skal vi lage plass til deg ved middagsbordet?
Det er sjølvsagt veldig hyggelig å bli tilbudt ein bordplass men under middagen likar eg å trekke meg litt tilbake og slappe av litt mens gjestane et.
Korleis fotograferer du?
Eg forsøker å være “flue på veggen” og fange dagen slik den utartar seg. Eg prøvar å være så diskré som mogleg for å ikkje påvirke situasjonen.
Tek du nokre oppstilte bilete også?
Ja, vi kan godt sette av ein liten time til å ta nokre oppstilte bilete (evt. gruppebilde) ved eit fint landskap eller lignande. Det som er viktig her er at det er planlagt. Det å gjere slike ting på “sparket” fungerer svært dårleg. Det er viktig å hugse at eg er leigd inn for å dokumentere bryllaupet slik det utartar seg, ikkje ta regi på heile bryllaupet.
Når byrjar du å fotografere?
Eg startar dagen når brudeparet ynskjer det. Eg rådar ikkje å velje vekk sminke/håroppsetting då dette er ei tid med mykje forventningar og flotte augneblink. Her kan det verte mange flotte bilete. Ikkje minst er det kjekt for brudgommen å sjå bileta i etterkant.
Når gjer du deg?
Vanglegvis rett etter brudevalsen, men dette avtalast på førehand. Rundt klokka 21-22 gjer eg meg vanlegvis.
Tar du andre bryllupsoppdrag enn heildagsfotografering?
Ja, det gjer eg men dei timane kan bookast tidlegast 8 mnd før bryllaupet ettersom eg ynskjer å halde av datoane for heildagsfotografering lengst mogleg