Det er mange som har ein del spørsmål før dei kjem til fototime. Her har du ein del vanlege spørsmål og svar du kan lese før du kjem til fototime. Hvis du ikkje finn svar på det du lurer på her er det berre å sende ein e-post eller ringe meg på 45 80 46 20.
Unngå for mykje blanding av fargar. Om ein har kvite kle på seg bør dei andre også ha kvite eller lyse kle på seg. Einsfarga plagg er finast, då kraftige mønster som striper, ruter og lignande fort stel for mykje fokus. Fotografering er og ein anledning til å ta på seg noko ekstra flott så det er ingenting i vegen for å pynte seg litt ekstra. Ein kan og ta med kleskift om ein ynskjer det.
Tips:
Dette er fotografering av dei første dagane av eit liv, dvs mellom 5 og 20 dagar. Dette vert stadig meir populært og det er to ting som er viktige for at nyfødtfoto skal lukkast:
For nyfødtfotografering bør ein ta med seg nokre einsfarga tepper (unngå kvite og svarte), eit fint hovudplagg til babyen kan gi ein fin effekt.
Babyfoto er best når babyen er 5-7 månader. Det er viktig at babyen klarer å halde hovudet oppe. Eg anbefalar ikkje å gå til fotograf når babyen er 1-4 månader då dei ikkje klarer å løfte hovudet så godt, og gjerne ikkje har så mange ansiktsuttrykk endå.
Ja, det er ingen problem. Det beste er å ha med eitt til to antrekk. Ein bør ikkje byte for mykje under babyfotografering då babyen gjerne blir fort lei og grinete då.
Eg har ein del rekvisittar i studio men ta gjerne med leikar, saueskinn, pledd eller andre rekvisittar om du ynskjer det. Tips: Det er finast med litt “loddne” og store saueskinn. Lyse saueskinn er meir egna enn svarte.
Eg kan retusjere vekk uønska element som utslett, arr, kviser o.s.v etter ønske (utan tillegg i pris). Eg kan gjere det meste innan retusjering av bilete, så om du har spesielle ynskjer er det berre å ta kontakt.
Eg tar og bedriftsbilder og reklame bilder. Ta kontakt om du har ein forespørsel.
Jepp, trykk på knappen under så finn du prisar på alle fototenester.
Du kan trykke på knappen under for å sende ein epost eller ringe meg på
Telefon: 45 80 46 20