Ledig for jobb

Hei! Eg heiter Dieter Schneider og er ledig for jobb/oppdrag.
Her er ei oversikt over kva eg kan.

Fotografi

Videoproduksjon

PHP, MySql, Laravel

Programering

Eg har programmert i PHP sidan 2007. I 2016 byrja eg å jobbe i Laravel for å auke effektiviteten og sikkerheita.

Html, Css, Jquery

Webdesign

Eg har jobba med webdesign sidan 2004. Eg lagar design "for hand", men nyttar og rammeverk og malar.

Meir info kjem snart

aktivitetsmagasinet-1

Grafisk Design


Eg kan lage alt i frå komplette magasin inkl. fotografering til logoar.

Ulike formar for grafisk design har eg dreve med sidan 2003. Det er ein stor fordel å kunne fotografere når ein driv med grafisk design. Det er til dømes ingen problem for meg å lage eit heilt magasin der eg står for heile prosessen utanom sjølve teksten. Eg lagar:

  • Magasin / Brosjyrer
  • Årsrapportar
  • Logoar
  • Reklameplakater m.m.

Artiklar og Marknadsføring


Sidan eg starta for meg sjølv i 2007 har eg nesten utelukkande marknadsført meg på nett. Dette har gjeve meg god innsikt i kva som fungerer og kva som ikkje fungerer.

Blogg

Det å skrive nyttige artiklar er ein viktig del av moderne marknadsføring. Eg skriv for å få fleire «følgjarar» på diverse sosiale medier. Eg skriv mest på engelsk og artiklane mine kan lesast på dieter.me

Sosiale medier

Eg har fleire sider med over 10 000 følgjarar på Facebook. Eg har og ein Youtube-kanal nærmar seg 1000 abonnentar (og veks dagleg).

  • Facebook: Dieter Schneider (over 3500 Liker)
  • Facebook: Lightscapes of Norway (over 10 000 liker)
  • Facebook: Lightscapes (over 15 000 Liker
  • YouTube: Dieter Schneider (over 800 abonnentar)

Tre, Metall, CNC, 3D-print

Produktdesign og prototypar

Eg jobbar mykje med eigen produktdesign og har laga storformatkamera og eigne kameraobjektiv. Eg jobbar stort sett med tre, metall, glas og plast (3D-print)

_MG_6935-Edit-lys

Storformatkamera Ply57

Materiale: kryssfiner og messing
Prototype

tk57

Storformatkamera TK57

Materiale: teak og messing
Prototype

_MG_9693-1200px

Storformatkamera WN810

Materiale: Amerikansk valnøtt og messing
Kunde: Fotograf Morten Bendiksen, Oslo

dreamshaper-new

Objektiv: DreamShaper 50mm F1.0

Materiale: plast (abs) og glass